lørdag, april 30, 2011

Den usynlege?

Av og til, når eg er på store samlinger der det er mykje folk, hender det at eg er den einaste i følget som ikkje får mat når det skal serveres. Av og til er det ein konsekvens av matallergi og dårleg hovmeisterkoordinering, men enda fleire gonger skjer det som konsekvens av at eg tydelegvis er usynleg for hovmeistrar og servitørar. Desse gongene har av ein eller annan grunn ein særleg tendens til å finne stad på tider der eg har eit blodsukkernivå nesten på minus, gjerne fordi eg er på ein konferanse som følger malen lunch ca 12 og middag 8 timar seinare.

I dag (eller strengt tatt i går, sidan vi nå har bikka midnatt) var ein slik dag. Eg er på eit relativt fancy hotell kjend for sitt supre kjøkken. Det er barne- og ungdomting, og 3 retters middag er ein fin måte å markere det heile på. Men om kjøkkenet er supert, er det ikkje gitt at koordineringa av serveringa er like mykje å skryte av.

Eg sat på same bordet som 8 andre. Innerst i hjørnet, for så vidt. Og då middagen blei servert, fekk altså mine sidekamerater mat - men det gjorde ikkje eg. Ein servitør gav teikn til ein annan om at min plass måtte påspanderes ein tallerken når neste runde kom. Men då servitørane kom tilbake, var det ikkje mot vårt bord. Det varte og det rakk, og sakte men sikkert gjekk det opp for meg at det visst ikkje var nokons intensjon at eg skulle få middag. Meir enn ein servitør gjekk forbi og kasta eit blikk på bordet vårt, tilsynelatande for å konstatere at alt var i sin skjønneste orden.

Problemet er at når blodsukkeret er lågt frå før, blir det faktisk ekstremt lågt når dei rundt meg begynnner å spise. Truleg er det ein eller annan mekanisme som slår inn når maten kjem på bordet som gjer at den reservetanken ein har brukt slås av fordi den altså skal fylles på igjen, for den slår inn enten eg kan spise maten eller ikkje. Men når fôringa ikkje skjer sånn i rimelig tid etter at reservetanken er avskrudd, gjer kroppen opprør. Skjelven, ør og ganske ute av stand til det meste. Då er det ganske kjipt å sitte der og vere usynleg. 

Min kjære kamerat Johannes, som kjenner meg godt nok til å vite korleis eg blir når eg har gått på reservetank alt for lenge og som veit kva tid naudblussen er tent (og slukna) tok grep (som han har måtte gjort fleire gonger før). Greip tak i ein servitør som kom forbi, og sa at vi mangla "ein tallerken". 

Etter det som kjendes ut som ei æve kom servitøren tilbake med ein tallerken. På høgkant i neven. Ein tom ein, altså. "Eeeh, altså, eg bad om ein tallerken fordi vi mangla ein tallerken, fordi det er ein her som ikkje har fått mat!" sa Johannes, kanskje ein smule krasst. Servitøren såg skamfull i golvet, og hadde han vore katt, hadde halen hans vore stukke mellom beina hans då han luska seg ut igjen med tallerkenen sin.

Men greitt nok. Å misforstå "vi mangler ein tallerken" skal han tilgis for. Å derimot IKKJE komme tilbake med mat på nemnde tallerken nesten umiddelbart, er på dette tidspunktet eit enormt svik. Eg venter, venter og venter enda ei stund, men ingenting skjer. Dei første rundt bordet mitt har nå ete opp. 

Etter lang tids venting på oppfylt tallerken kjem det inn ein annan servitør, ei av dei som sjekker at det er nok poteter rundt på bordene, som sjekker om nokon treng leskedrikkspåfyll og så vidare. Ho ser at eg sit der utan å ete, og sender meg eit spørrande blikk. Eg sender ho ei oppgitt "eg har faktisk ikkje fått mat"-mine tilbake, og ho forsvinn ut.

Eit minutt eller så seinare ligg tallerkenen framfor meg. At maten var blitt kald får heller vere, det aller aller viktigaste var at eg omsider fekk i meg sårt tiltrengt mat. Ingen "orsak" kjem når tallerkenen min omsider kjem på bordet, men derimot får eg melding om at "nå skal du i alle fall få først, så vi er sikker på du får" når eg får dessert. I beste fall kan eg sette det på konto for ein dårleg spøk. I dette tilfellet var den særs dårleg tima, skjelven som eg framleis var etter blodsukkerproblemet. Staden reklamerer med "lidenskap og omtanke i 350 år", men eg følte vel ikkje akkurat at det var det omtanken som stod i høgsetet den kvelden.

Når eg tenker meg om, skjedde faktisk det same på same stad i fjor. Då sat eg såpass midt i tråkket at det blei påfallande for servitørane at det var ein av dei på bordet like ved kjøkkenet som ikkje åt, og ergo ikkje hadde fått mat, så sjølv om maten min kom på bordet etter alle dei andre på same bordet, var det mens den ordinære serveringa framleis pågjekk.

Vel har eg vore på mange konferanser, seminarer og samlinger oppigjennom. Men eg innser at dette er den fjerde på rad (!) der eg har vore ein av minst 50 deltakarar kor eg har blitt sittande att utan mat før det har blitt purra. Førre gong det skjedde, var det matallergien som var skuld i at eg ikkje fekk maten i første omgang, og så gløymte servitøren meg etterpå. 

Eg fyller somregel stolen eg sit på ganske godt, men det virker likevel som om eg brått blir usynleg for servitørar så fort det blir mange nok i rommet. Eg kan ikkje anna enn å fundere på korleis det kan ha seg. Men enda meir funderer eg på kvifor denen usynlegheitskappa berre kjem på når eg treng ho som minst? Og kvifor kunne eg ikkje sjølv få bestemme kva tid eg skulle vere usynleg?

Men til sist er det kanskje like greitt at eg ikkje kan bestemme sjølv kva tid eg vil vere usynleg eller ikkje. Og særleg er det greitt for han svensken med tallerkenen. Hadde eg hatt ei skikkeleg usynlegheitskappe, hadde eg fulgt etter for å finne ut på kjøkkenet. Ikkje primært for å stele mat (sjølv om eg nok i naudas stund hadde gjort det også), men for å finne ut kva logikk som låg bak argumentet han openbart må ha fortalt seg sjølv "ho ville ikkje ha tallerkenen min UTAN mat på han, og ho sit der utan mat, så ho vil nok ikkje ha mat. Det var nok bare ei feilbestilling det heile".

Godt for han at eg blir heilt apatisk når reservetanken er skrudd av. Elles er det ein fare for at både han og hans kolleger både her og andre stader dette har skjedd hadde fått ei skikkeleg omgang med verbal juling, eit lite kurs i ordet "orsak" og ei opplæring i å faktisk sjekke at alle har tallerkner MED mat på på alle bord. 

Eg orsakar mitt krasse innlegg med at eg har gjennomført heile 2 trinn i Dyreparkens Serviceskole frå tidleg på 2000-talet, og føler eg med det papiret i hand kan uttale meg med ein viss legitimitet om skilnaden mellom god og dårleg service. 

Nå gjenstår 2 måltider før kursen går tilbake til Oslo. Det blir heldigvis buffet. Så kan kjøkkenet framleis få vere fantastisk, og så får eg vere min eigen servitør. Då slepp eg i alle fall å vere usynleg.

fredag, april 15, 2011

Fredagsinspirasjon 2

Det er mogleg eg er inspirert av Bente og hennar onsdagsinspirasjonar. I dag bobla det over av inspirerande ting eg bare måtte formidle vidare.

Christer har laga ein blogg for å hente cyberspace-motivasjon for å slanke seg. Men den som trudde at ein ville få "kjære dagbok, i dag har eg ete 2 appelsinar og har sååå dårlig samvit for å ha ete 3 kalorier for mykje", gløym det. Her får du gode refleksjonar om sjølvbilete, motivasjon, mat og trening. Og artige anmeldelser av studentidrettens tilbod. Eg anbefaler spesielt innlegget hans "Også tjukke barn er vakre", som er eit sterkt og viktig innlegg som moglegvis burde blitt pensum for alle lærarar, helsesøstre, foreldre og medmenneske.

Og når vi er i blogglandia: Utanriksdepartementet har opna bloggen Norge i Verden, der dei slepp til ambassadetilsette. Dei tilsette fortel historier om livet i diplomatiet og om det landet dei er i, og har klart å finne ein god og bloggvennleg form på det heile.

Den siste tida har det å opne postkassa vore ein sann fryd. Stadig dukkar det opp postkort med helsingar frå fjernt- og nærliggande strøk, alle merka med ein ID-kode.  Grunnen er det geniale prosjektet Postcrossing, som lar deg både sende og motta kort til ukjende over heile kloden. Eg har fått påfallande mange kort frå Finland, og som ein ser av brukerkontodistribueringa under, er det kanskje ikkje så rart?!


Er det noko du lurer på? Er Wikipedia utilstrekkeleg? Har du prøvd å søke det opp på DUO? I lag med Nasjonalbibliotekets digitale bokhylle trur eg DUO er mitt viktigaste nettverktøy om dagen. Her får ein altså studentforskning tilgjengeleg i PDF-format rett til sin maskin, og ein kan altså lære masse om det aller, aller meste. God kombo! :)

tirsdag, april 12, 2011

Namnemysteriet løyst

Det nærmer seg påske. Dette innlegget kunne vore eit svar på påskenøtter. Det er det ikkje. Derimot snakker vi eit tilfelle av rett kopling i hjernen på riktig tidspunkt.

I fjor ein gong skreiv eg ein post om korleis etternamnet på litauiske kvinner avslører sivilstanden deira. Då spurde Lene om eg visste noko om kva som skjedde om kvinnene blei skilde, eller for den del når dei blei enker.  Det ante eg ikkje, og eg gløymte å sjekke det opp då eg var i Litauen sist. 

I helga var eg ordstyrar på det ekstraordinære årsmøtet til International Student Union of Norway. Ein av fordelane med å vere ordstyarar er at ein får namneliste. På den stod også etternamna til somme av delegatane. Eg oppdaga at etternamnet til eine delegaten måtte vere litauisk. Særs forfjamsa over spørsmålet mitt kunne nemnde delegat stadfeste at både ho og namnet hadde opphav i dette fagre landet på andre sida av Østersjøen. 

Kva det var som gjorde at eg byrja tenke på akkurat det aner eg ikkje, men eg kom brått på spørsmålet til Lene, og eg fann ut at eg nå hadde sjanse til førstehandskunnskap. Medan førre namnebloggpost var tufta på deduktiv metode, har eg denne gonga tatt føre meg ei kvalitativ undersøking med særs lite utval. Så derfor : i spalta "Signhild leiker namnegranskar" er det ei stor glede å komme med enda fleire funfacts om litauiske kvinneetternamn:

  • litauiske enker held på sin manns etternamn også etter hans død
  • skilde kvinner vel sjølv om dei vil halde på eksmannens eller om dei vil ta tilbake pikenamnet.
  • det er ikke lenger uvanleg at gifte kvinner held på sitt pikenamn (og med det altså ugift form)
  • giftemål med utanlandske menn gjer at det ikkje lenger er mogleg å sjå kven som er gift og kven som eventuelt er avkom. Dersom mannens etternamns form tillet det, er det ikkje usannsynleg at kvinnene vil "konstruere" ein kvinneleg form av etternamnet, t.d. ved å legge til ein -e eller -a på slutten. Men då vil altså formen vere lik uansett om ein er gift eller ikkje.

torsdag, april 07, 2011

ALDRI offerets ansvar!

Lege Amir Tauqir Chaudhary seier til Dagbladet at ein del overfallsvaldtekter kunne vore unngått dersom  kvinnene hadde redusert inntak av alkohol og andre rusmiddel. Fordi ein i rusen minster hemninger og mister kontroll over eigne grenser, og t.d. blir med ukjende menn heim, meiner Chaudhary at valdtekt er "nesten uunngåeleg". Han maner kvinnene til å ta meir ansvar for eigne handlinger, men presiserer at han ikkje meiner kvinnene er skuld i valdtekt.

Uavhengig av kjønn kan beruselsens påverknad på grensesettinga vere farleg, det er det ingen tvil om. Hemninger forsvinn og ein gjer ting ein ikkje ville gjort i edru tilstand. Men anten det handler om å balansere på møner, tisse på straumgjerder eller å bli/ta med nokon heim, er det sine eigne handlinger ein skal ta ansvar for - ikkje andres. 

Veien til helvete er som kjend brulagt med dei beste intensjoner. Eg trur Chaudhary på at han prøver å mane slike som meg (i dette tilfellet kvinner) til å legge seg på eit moderat inntak av rusmiddel slik at vi ikkje mister hemninger og kontrollen over eigne handlinger. Eg trur han når han seier at han ikkje ynskjer å gå ut med dette for å plassere ansvaret for valdtekta hos kvinnene. Men det store problemet med Chaudharys forsøk på å få kvinner til å ta meir ansvar, er at han skyver feil ansvar over på kvinnene. Indirekte seier han at dersom eg blir med ein kar heim, og han forgrip seg på meg, er ansvaret delvis mitt fordi eg blei med denne karen heim. Det er eit premiss vi ikkje skal akseptere. 

(Ein heilt annan ting er at det ikkje berre kvinner som blir valdteke og ikkje bare menn som valdtek!)

Arbeiderpartiets Arild Stokkan Grande seier til Dagbladet at kvinner må kunne gå nakne i gatene utan fare for å bli valdteke. For ansvaret for ei valdtekt ligg UTELUKKANDE hos overgriperen. Og det er haldningene til (den potensielle) overgriperen vi må jobbe med. Eit nei er eit nei. Eit nei er ikkje tja, det er ikkje eit skjult ja, det er og blir eit nei.

Denne saka viser også klart at det må brukes større ressurser på psykisk helse, og særleg på oppfølging av menneske som av ulike grunner har ein traumatisk ballast. Ikkje først og framst for å hindre overgrep (sjølv om det er ein positiv bieffekt), men fordi det kan bidra til å gjere livet lettare å leve for dei som har opplevd traumatiske ting.

I samband med masteroppgåven kom eg over eit sitat frå ein albansk lærd som eg meiner heiter Sabri Koçi (atterhald om at eg ikkje har kjelda mi tilgjengeleg nå). I ein diskusjon om kvifor albanske kvinner i liten grad dekte til håret, der det underliggande premisset var at kvinnene frista mennene ved å la håret flaume, svara Koçi med å plassere ansvaret der det høyrer heime. Fordi det til sjuande og sist bare er sine eigne handlinger ein kan stå ansvarlig for.  "Women should dress modestly, but if men are tempted, they can protect themselves by closing their eyes."

Vi må legge ned veto mot postdirektivet!

Sidan eg har lova at om eg skulle finne på å hive inn noko i bloggen som er på vegne av organisasjonane eg er med i, får eg byrje med å seie at denne posten her er klipp og lim frå eit leserbrev som i dag står på trykk i mellom anna Tidens Krav, og som er underteikna meg i kraft av å vere internasjonal leiar i Senterungdommen. Men sidan orda er mine, legg eg lesarbrevet også ut her. (Som betyr at om nokon skulle falle for fristinga å trykke denne bloggposten som eit lesarbrev, er det faktisk heilt greitt, sånn i motsetnad til vanleg.)




Noreg må legge ned veto mot postdirektivet!

Vi tek for gitt at vi skal kunne få post i postkassen alle virkedagar. Vi ser på det som sjølvsagt at vi skal betale det same for å sende brev til Oslo som til Svalbard. Men dersom EUs tredje postdirektiv går igjennom, vil dette ikkje lenger kunne vere ein sjølvfølge. Direktivet er eit trugsmål mot oppretthalding av busetting over heile landet, og må bli stoppa.

I dag har vi einheitsporto, som gjer at ein betaler like mykje anten brevet skal frå Oslo til Lillestrøm eller frå Lindesnes til Nordkapp. Postdirektivet seier at brev må bli prisa ut frå kva det faktisk koster å sende brevet.

Riktignok kan ein oppretthalde einheitsportoen også med postdirektivet, men då må skattebetalarane ta rekninga, ved at mellomlegget betales over statsbudsjettet. Einheitsportosystemet som vi har i dag er nærast sjølvfinansierande.

Folkesetnaden i Noreg er liten, og i realiteten vil det berre vere i Osloområdet at det vil vere aktuelt for utanlandske selskap å konkurrere med Posten. Skjerpa konkurranse vil bety at Posten må opprioitere Osloområdet – og nedprioritere resten av landet. Resultatet vil vere dårlegare posttenester, sjeldnare postlevering og lengre tid for posten å komme fram.

Posten er ein så sentral del av infrastrukturen i Noreg at den ikkje kan gambles med. Næringsliv og privatpersonar over heile landet er avhengig av gode posttenester. Senterungdommen ynskjer å oppretthalde god kvalitet og godt servicetilbod over heile landet, og krev difor at regjeringa nytter reservasjonsretten i EØS-avtalen.

tirsdag, april 05, 2011

Diskresjon er åpenbart ikkje min stil

Førre veke prøvde eg å opptre inkognito. Eg skulle til Kristiansand for å vere ordstyrer på årsmøtet til Vest-Agder Barne- og Ungdomsråd på vegne av LNU, og fordi eg opprinneleg hadde ein plan om at eg skulle gå frå toget, få i meg litt mat, gå på årsmøte og komme meg tilbake til hovudstaden og masteroppgåven fortare enn svint, hadde eg ein plan om at min visitt i k-town skulle vere så ubemerka som over hovudet mogleg. Planen slo ei lita sprekke då eg innsåg at eg enten måtte overnatte eller henge på togstasjonen til kl 2 på natta for å komme meg på nattoget. Då var det greit å ha ei lillesøster som har ein hybel med plass til storesøster.

Eg hadde lova mi fantastiske venninne K at eg skulle melde frå neste gong eg kom til Kristiansand, men sidan eg ikkje ante kva tid møtet var omme og eg altså skulle campe hos søster, braut eg løftet mitt. Eg hadde lyst til å skulle ha tid til å møte ho, og det hadde eg jo ikkje.

Det var litt daudtid mellom togets ankomst og årsmøtets start. Lillesøster skulle halde appell på datalagringsdemonstrasjonen, og vi blei samde om å møtes for å gå gjennom appell og få i oss litt mat før demoen. Ho var forsinka, så eg sprang ein tur innom Hobbyhimmelen mens eg venta. Eg hadde ikkje meir enn kome meg til Markens før tre kjende ansikt kjem mot meg. Ks søster, niese og mor. Det var sjølvsagt stas å møte dei (det er det alltid!), men eg innsåg at min inkognitoplan rauk. Så det song.

Godt var kanskje det, for Fædrelandsvennen hadde sjølvsagt sine speidarar på demonstrasjonen. Og eg hadde fått ganske mykje problem med å skulle påstå at eg (og den stygge sekken til einkvan som har flytta ut av kollektivet mitt) ikkje var til stades dersom nokon tilfeldigvis hadde surfa innom fvn.no sin nettsak frå demoen..

(Den stygge sekken, Hobbyhimmelenposen, lillebror, Marius og eg. Pluss litt av handa til intiativtakaren)


Note to self: å opptre inkognito funker ikkje. I alle fall ikkje i Kristiansand. Kjenner for mange der.. :)


Når dagane er under pari

Ei stund vurderte eg å ha "blogger på overskotsdager" som ei del av fana på bloggen min. Eg tenkte det kunne forklare kvifor eg blogga bare når det passa meg. Av og til bare klør det i fingrane etter å blogge. Av og til har eg (eller tar eg) den tida som trengs. Ofte gidd eg ikkje, sjølv om eg på førehand tenker eg skal. Eg tenkte at det også kunne forklare kvifor eg somregel ikkje blogger all den politikken eg vil, eller skulle ønske eg  ville, blogge om. 

Då eg i stad snubla over ei oppdatering frå Kirkens SOS gjekk det opp for meg at den vurderte fana innehar ei anna del av sanninga også. "Hva er det ved vårt samfunn som gjør det så vrient å dele "Ikke-OK-dagene"?" skreiv Kirkens SOS på deira facebookside. "Noe av det Kirkens SOS observerer er at mange av våre innringere og innskrivere uttrykker en stor smerte ved å fortelle om at ting ikke er OK." Eg innsåg at det berre er overskotsdagane eg blogger om. Det er overskotsdagane, overskotsaugneblinka eg oppdaterer om på facebook. Dei øyeblikka, timane eller dagane eg befinn meg i kjellaren er det heilt uaktuelt å dele med nokon. 

Det hender eg ikkje evner å dele dei vonde øyeblikka med mine næraste heller. Det hender den fullstendige versjonen blir forelagt mine næraste gjennom hint og brotstykker medan eg står midt i det - og som eit samansett og bearbeida bilete lang tid etterpå. Anten fordi eg ikkje vil "bry dei" eller fordi det å sette ord på kjenslene gjer for vondt. Sjølv om eg veit at like mykje som eg ynskjer å hjelpe dei rundt meg som treng meg, ynskjer dei å hjelpe meg. Sjølv om eg veit at det verste er å sette ord på det - etterpå gir det ro i sjelen å vite at ein ikkje er aleine om å vite.

Det kjem stundom meldinger om korleis folk blir deppa av å lese om andres "fantastiske" liv, formidla gjennom facebook. Men kor ofte ser ein nokon melde at "det går faktisk ikkje så bra"? Det ser ut til å vere ein uskriven gylden regel på facebook og andre sosiale medier at det som skal deles er "det som er bra" eller "det som går på tverke, men som ein kan le av". Dei få som gjer det, blir ofte omtala av andre som "sånne som bare vil ha sympati". Men er ikkje det mildest tala ei forenkling?

Ein familie eg er veldig glad i mista eit alt for ungt medlem for ein del år sidan. Eg traff mor i huset tilfeldig på gata for nokre år sidan. "Åssen går det?" spurte eg. "Ikkje så veldig bra!" svarte ho. Eg blei mildest tala paff. Å svare ærleg på spørsmålet braut med alle sosiale koder. Sjølv om eg kunne sjå at ho ikkje hadde det så bra, forventa eg eit smil og "joda, veldig bra!" - og så sanninga. Men perpleksheita mi til tross, kjende eg at eg likte hennar versjon betre. Som ho så fint sa det "eg ser ingen poeng i å lyge og seie eg har det bra. Absolutt alle kan sjå at det er tøft. Absolutt alle kan sjå at eg har det vanskeleg. Det gagner korkje meg eller deg om eg lyg. Då får du heller la vere å spørre".  Sidan har eg stadig tenkt på ho når eg spør "korleis går det" - og når eg får spørsmålet. 

For det kan ikkje, og skal ikkje, vere slik at det samfunnet vi skal styre mot er eit samfunn der alle har det bra heile tida og  alt går på skinner. I eit slikt samfunn vil menneska vere utan kjensler. I eit slikt samfunn vil menneskeleg samhandling vere ikkje-eksisterande. I eit slikt samfunn vil ingen få høve til å utfolde seg. Ingen vil kunne kjenne på kva det er å mestre noko. Ingen vil kunne reise seg, for ingen vil nokon sinne gå på trynet. Ei verd der alt er "perfekt" er alt anna enn perfekt.

Som det stod på plakaten til ei arbeidsgruppe då Sander og eg var i Litauen for å fortelle korleis vårt draumesamfunn skulle sjå ut:



Eit perfekt samfunn er derimot eit samfunn der vi tør vere opne om dei hindringene som kjem i vegen. Der det er lov å seie at ting ikkje går så bra, og der det finst medmenneske som hjelp til med å finne trappa opp at frå kjellaren. Der det er lov å vise ubetinga glede. Der det er lov å vere frustrert. Der det finst prøvelser vi kan utsettes for, men som vi kan mestre - og der det er lov å spørre naboen om hjelp til å få det til. Der måla ein skal strekke seg mot er tilpassa ein sjølv og eins eigne evner.

Det gode samfunn må starte ein stad. Det bør starte hos den vi ser i speilet. Den vi ser i speilet er den som anten kan vere eit medmenneske eller opne døra litt på gløtt og sleppet medmennesket inn. Eller helst begge deler.

Fram til vi har klart å oppnå det gode samfunn fullt ut, er det godt det finst medmennesker hos Kirkens SOS og andre som er klar til å tale med dei som kjenner at livet går dei imot. Dei som kjenner behovet for å dele det med nokon, men som ikkje finn nokon å dele det med fordi vi ikkje takler å få eit ærleg svar på "åssen går det?".

fredag, april 01, 2011

Fredagsinspirasjon

Eg sit i kjellarstova heime på Lista og prøver å skrive masteroppgåve. Spanande fredagskveld, med andre ord. Skulle eigentleg vore på hytta nå (for der er det ikkje nett og ikkje mobildekning), men så var det så godt å vere heime i lyset og lufta på Lista, og så godt å ete "middag" i lag med mamma og pappa at eg ikkje gadd. Å skrive oppgåve til lyden av ein snorkande katt er tross alt undervurdert!

Eg har jakta på ein artikkel i lang tid. Artikkelen var lenka til i ei avhandling eg har lese, men lenka funka ikkje lenger. Men i dag fann eg den - George Fox University ("Oregon's Christian University", må vite!) har berre flytta litt på heimesidene sine. Artikkelen viste seg å vere ein del av eit tidsskrift som legg alle artiklar ut på nettet. Er du litt interessert i religiøse forhold i Sentral- og/eller Aust-Europa, bør du sjekke ut Religion in Eastern Europe . Mykje interessant å finne der!