tirsdag, juni 29, 2010

Dei tre farlige tinga i livet

"Det er tre ting du skal passe deg for" sa naboen min ein gong, og sette fram ein formanande peikefinger. "Klattegjeld. Duskeregn. Og små drinker". 


Eg har nok ikkje for vane å samle på slik livsvisdom, men det har gong på gong vist seg å halde stikk. Av ein eller annan grunn er det stadig naboens formanande peikefinger som kjem fram i mitt indre søndag morgon etter ein fuktig laurdag kveld. For dei små drinkane har jo ein tendens til å vere dei beste.


Og i dag fekk eg erfart at begge dei andre også slår til. Riktignok ikkje i så stort mon at eg føler for å kalle det bitter erfaring, men erfaring er det nå. ("Og en erfaring rikere, så løfter vi på glasset" syng det nå inni meg ein stad). For det første gjorde eg opp ei gjeld til ein kompis som i utgangspunktet bestod i (primært) 200-lappar, og som på merkeleg vis hadde blitt firesifra. I desse skatte- og feriepengetider skal eg ikkje akkurat påstå at det var smertefult, men det var i alle fall ei lita oppvåkning av kor fort gjelda klatter på seg, om ikkje anna.


Så var det dette duskeregnet, då, som sant og seie var grunnen til at eg såg for meg peikefingeren i mitt indre. Mamma og meg var nemlig på spasertur i Nordbygda nå i kveld. Då vi gjekk ut, var det ting som tyda på at det ville komme regn, men det kom nå ikkje. På tilbaketuren kom duskeregnet. Vi traff ein nabo, og stod lenge og prata med ho, og lot oss ikkje affisere av regnet - for trass alt hadde ikkje himmelen åpna slusene. "Dette er jo ingenting", sa vi.


Inntil vi kom inn, og oppdaga at vi var gjennomblaute.


Så er det visst noko i det likevel, då. Ein gjer visst klokt i å passe seg for duskeregn, klattegjeld og små drinker.

---

Drip Drop. Safura. Eurovision 2010

Regndans

Det meldes om tørke i det sørvestre hjørnet av Noreg. Her på Lista er det langt mellom dei grøne markene - over alt er det i beste fall mykje gult på dei, i verste fall er det knapt eit grønt strå att. Bøndene fortel om 30% mindre avlinger - og nå har fleire måtte gyve laus på vinterforet. Farsunds Avis melder om tørkekrise, og det er dessverre ikkje agurktida som gjer at krise-ordet brukes. Om det ikkje kjem skikkelig regnver snart, vil resultatet bli massiv nedslakting.


I går køyrde eg og mamma opp Lyngdalen. Lyngna, elva som har gitt dalen sitt namn, er så uttørka at ein fleire stader kan gå tørrskodd tvers over ho. Her om dagen sa ein elvefisker i nabodalen at elva Kvina er så tørr at laksen ikkje kjem opp elva, og han frykta at det vil få konsekvensar for fisket i mange år framover. Eg mistenker at det same er tilfellet i Lyngna. 


Men også dei av oss som ikkje er bønder eller hobbyfiskarar, merker konsekvensene av tørka. På St.Hans var det bålforbod - og det har vedvart. Ved bruk av grillkol har ein blitt anbefalt å væte bakken først - i fall grillen ikkje er tett. Ein kan gå tørrskodd i myrer som det elles alltid er vann i. Og ein slepp på det jamne å slå graset - det veks jo ikkje likevel.


Vi har fleipa om å danse regndans. Men i dag kom regnet. Akkurat nok til å gje eit lønnleg håp om at det kunne betre seg. Så kom det berre litt. 


Vi har bestilt regnver fram til fredag. Laurdag opnes nemlig KFUK-KFUM-speidarane sin landsleir på flyplassen. Og då vil vi gjerne vise dei Lista frå si aller beste side - grønne marker i strålande solskinn. (Og med glade dyr som får fôr direkte frå marka, og ikkje frå siloen)

----

Let it rain. Amanda Marshall. Amanda Marshall. 1995

søndag, juni 27, 2010

Hell i spel = hell i kjærleik?

Det har vore litt i overkant stille på jobb dei siste dagane, så min kjære kollega E og eg har hatt våre runder med kortspeling. Det er eigentleg utrolig at vi gidd, for resultatet er igrunnen gitt før kortene er stokka. E vinn og eg taper så det syng. Så roper eg "revansje", og går på eit nytt tap.


"Det er jo egentlig like greitt", sa eg, "for vi veit jo alle at den som har hell i spel har uhell i kjærleik". Og kjende meg straks litt ovanpå att. Inntil eg såg det skremte uttrykket til min kjære nyforelska kollega.


Tre minutt seinare kom vi til at han nok hadde stjåle flaksen min. For han har, i alle fall så langt, vist stort hell i både kjærleik og spel. Medan eg. Vel.. Eg har vel ikkje akkurat utvist stort hell nokon av stadane.


Så det er vel bare å rope REVANSJE og stole på at neste trekk går betre. For det gjer det jo alltid. I alle fall i teorien.


---

Fortune Friday. Unni Wilhelmsen. Back in the Blonde 2000.

lørdag, juni 26, 2010

Kvifor du har ei saks i førstehjelpsskrinet ditt

Eg veit du alltid har lurt på kvifor det er ei saks i førstehjelpsskrinet/puta/veska di. Somme tider er saksene til og med merka med "bilsetesaks". Det er sjølvsagt berre halve sanninga. Saksa ligg der også av ein annan grunn: ho skal brukes til å få personar, til dømes Signhild, laus frå sykkelen sin!

Eg sykla heim frå jobb i dag. Det er så sterk vind på Lista i dag at eg igrunnen har brukt meir energi på å halde sykkelen oppe enn eg har på å trø rundt. Og med sterk motvind har det heller ikkje gått veldig fort rundt.

På jobb må eg bruke svarte bukser, og i dag morges fann eg fram nokre bukser som er veldig gode å gå i, men som ikkje er innsvinga under kneet. Med andre ord: dei er relativt gode og vide. I tillegg er dei laga i eit stoff som i beste fall er glatt, i beste fall er heilt imogleg å få til å halde seg på noko anna vis enn slik det er sydd saman. Med andre ord: å brette opp buksa hadde liten effekt.

Mellom jobb og heim er det ei slette på kring 2 kilometer. Då eg hadde kring 200 meter igjen av den sletta, kom det ein bil bak meg som skulle forbi. Eg bremsa ned då eg høyrde den, slik at eg var sikker på at eg hadde kontroll på sykkelen (jf denne vinden..). Og brått innser eg at eg ikkje får trødd rundt - og heller ikkje trødd i bakken. Eg sit fast. Det er berre ein ting å gjere - la seg falle ned i grøfta, og sørge for at den landinga blir så mjuk som mogleg. Eg klarte å time det slik at eg datt i grøfta akkurat i det bilen kjørte forbi.

Grøfta var akkurat såpass bratt at eg ikkje heilt kunne sjå korleis eg skulle få av meg buksa - og buksa måtte av om eg skulle komme meg laus av sykkelen på eiga hand. Men det slapp eg, for sjåføren kjørte tilbake. Og fann ei leande Signhild som ikkje var i stand til å komme seg opp, og som hadde sykkelen liggande over beina.

Mannen i bilen prøvde først å rikke buksa ut. Det var ikkje mogleg. Så spurde han kva eg hadde tenkt å gjere, og eg svarte at eg funderte på å ringe pappa og be han ta med kuttereiskap. Då kom dei på at dei hadde førstehjelpsskrin. Oppi der låg ei saks. Og ein liten klipp seinare var eg laus.



Buksa mi er, som ein kan sjå, ein stor lapp fattigere. Men eg er heil (litt småforstudd i håndledd og litt merkelig forslått på beina der sykkelen låg, men pytt) og konkluderer med at eg har fantastiske folk i nabolaget. Aner ikkje kven dei er (anna enn at dei høyrdes lokale ut), men uansett: eg er sjukt takksam for hjelpa. Og ganske lattermild. Det finnes tidspunkt der ein skulle ønske ein kunne få sjå seg sjølv utanfrå. I sakte film.

---
Bicycle ride. Blümchen. Für Immer und Evig. 2000

fredag, juni 25, 2010

Sjølvmelding

Kristine utfordra meg for ei tid tilbake til å kringkaste 6 ting eg er god til, deretter poste eit bilete av meg sjølv eg er nøgd med og til sist oppmode folk til å gjere det same. Eller noko slikt.

Eg har tenkt mykje på dette. Særs mykje. Og innsåg ganske fort at eg hadde problem med å skrive ned mine beste sider fordi alt har ei bakside. Mine beste og verste sider er mykje av det same. Eventuelt kan ein seie det slik: mine verste sider slår til når det blir for mykje av det gode. Joda.

1. Positiv innstilling til verda.
Eg er så godt som aldri sint. Faktisk såpass sjeldan at eg nesten ikkje hugser korleis det kjennes. Men eg blir lett oppgitt, då.

2. Tillit til omverda
Eg har grunnleggande tillit til folk. Så mykje at eg er på grensa til naiv.

3. Gode organisatoriske evner
Eg er ein god organisator (av alt anna enn mi eiga tid, kanskje?), og er god til ting som har med organisasjon å gjere, alt frå vedtekter til referatskriving. Og så er eg ein djevel til å pakke.

4. Løysingsorientert
Eg er god til å finne nye løysinger, og då kanskje i enda større grad for andre enn for meg sjølv. Eg er god til å skilje utfordringer og problem.

5. Vere i nuet
God til å koble ut når eg må, til å leve i nuet. Det gjeld kanskje særleg når eg er bortreist, når sant skal seiast. Men det er kanskje då det er aller viktigast.

6. Eg er akkurat passe teknisk
Sånn til tross for førre bloggpost, og til tross for at pappa for 2 min sidan kunne opplyse meg at eg på mystisk vis har klart å øydelegge hovudfila på maskinen min (hurra for meg!). Sånn til tross for det, er eg ganske god til å finne ut av tekniske ting som eg på ingen måte føler eg er kvalifisert for utelukkande ved hjelp av logikk og (u)sunt bondevett.

Og så var det dette biletet då. Vel. Om du er ven med meg på face får du sjekke det ut her. Eg får nemlig ikkje til å laste det ned nå, og maskinen min er som kjent daud. (Og pappa gjer så godt han kan for å fikse den - kryss fingrane for min fantastiske pappa!)

Og så var det denne utfordringa, då. Verdens beste Karen er den einaste eg oppmoder direkte, men så kan gjerne Linn, Torill, Ann Kristin og Johannes følge oppfordringa. Og kven som vil, for så vidt.


---

Man in the mirror. Michael Jackson. Bad 1988

Kjære Murphy: det er nok nå!

Eg har no vore utan tilgang til maskinen min i 3 dagar. Maskinen min fann ut at den skulle ta ei oppdatering av programvare på mandag kveld, og då den så skulle skrus på på tirsdag, var det ikkje råd å få den på. Den bare suser, og eg får ikkje tilgang. Har eg backup? Neida. Fordi den har nekta å ta automatiske backuper, og så nekta å konvertere bakupdisken og så berre godkjent flytting til backupdisk dersom dei flyttes enkeltvis. Ergo; eg har eit problem. Særleg fordi eg har ikkje mindre enn 3 ulike store oppgåver/rapportar/dess like eg skulle hatt ferdig. Helst i forrigårs.

Og då eg brått ikkje kom inn på nettbanken heller, kjende eg at nå er det nok.

Så kjære Murphy, kven du nå enn er. Det hadde vore veldig fint om du kunne ta regelen din tilbake. For eg treng virkelig, virkelig tilgang til maskinen min. Helst i går.


---
Three days in a row. Anouk. For Bitter or Worse. 2009

fredag, juni 18, 2010

Så enkelt kan det gjerast! (Eller?)

Eg er i Vilnius nå, og i går tok vår litauiske kompis oss med til eit nystarta ungdomssenter like i elvekanten (det heitte seg at det var ein slags husbåt, men trur nok heller vi snakker hus oppå elva).

Der var det ein austerriker som heldt foredrag om kva han har gjort for å redusere sitt eige CO2-forbruk. Han er distriktslege, og fann ein dag ut at han skulle prøve å redusere forbruket blant anna gjennom å sykle. Sidan har han blitt vegetarianar, sjølvsagt, og heldt også ein presentasjon av solkomfyren sin (eit sånn parabolliknande solreflekterande utendørskar), som etter hans skjønn er den mest miljøeffektive måten å koke mat på (skjønt, funker dårlig på regnversdager og vintertid..). Og ikkje minst inneheldt presentasjonen ekstreme mengder statistikk om kor gale klimaendringene har ført hen.

Eg har vore på ein god del slike foredrag opp igjennom, og eg kjenner at dei ofte virker mot si hensikt. Hans gode råd var som følger (dette er eit utdrag, fekk ikkje notert ned alle)
1. Gå og sykle nesten uansett kor du skal
2. Ta toget om du må reise langt
3. Bli vegetarianer, eller aller helst veganer (for kyr promper så mykje!)
4. Invester i vindmøller og skogplantingsprosjekter (for dei pengene du sparer på ikkje å kjøre bil).

På toppen av det heile, kasta han inn bilete av han og kona på sykkeltur i Europa og 1000 gode helsegrunner til å begynne å sykle.

Joda, best practises er vel og bra. Problemet med sånne gode døme som har snudd opp-ned på livet sitt og tatt store grep, er at det fort blir bare gode døme, og ikkje noko vi kan omsette til røynddom. For forslagene blir så drastiske at det faktisk nesten virker mot si hensikt. For kven er han som trur han kan kreve at eg skal bli veggis? Og kutte bilbruken når det tek meg 5 min å kjøre til jobb, men ein halvtime å sykle (og lagt over ein time å gå)? Og TOG?! Kva tog? Og på kva måte vil det monne - så lenge industrien ikkje tar dei store kutta?

Til sjuande og sist kjem vel spørsmåla også fordi eg innerst inne veit at han har rett. Eg burde. Men som med så mykje anna eg burde her i verda - det ender somregel med at det er enklere å tenke tanken enn å omsette han i praksis.

---

Earth Song. Michael Jackson. HIStory. 1994.

onsdag, juni 16, 2010

Ikke Yggdrasil (!!), ikke Svanhild, men...?

Eg trefte ein gamal lærar av meg på gata i dag. Eg kjende eg berre måtte seie hei då eg trefte ho - av alle ting utanfor Bondeheimen. Vi stod oppå eit sitat av Olav H. Hauge - kor passande er ikkje DET når ein møter sin gamle norskleiar?

Ho opna med eit "eg prøver å komme på namnet ditt" som var så godt at eg rett og slett berre _må_ sitere det: "Ikke Yggdrasil, ikke Svanhild, men...?". Det er seriøst den beste. Nokon sinne. (Tru meg, eg har høyrt ein del av dei....)

Same lærar starta forøvrig første skoledag vi hadde ho med å studere klasselista, og så prøve å plassere namna på dei ulike i klassen. Av 10 namn, var det berre 2 ho bomma på. (Eit av dei var at ho kalla Cecilie for Hanne Cecilie - eller motsett. Slå den). "Når jeg tenker på Aslak, ser jeg for meg den fæle Aslak Smed hos Ibsen. Og ingen av dere ser slik ut. Men jeg tror DU er Aslak". Sa ho, til Aslak.

Og då eg etter timen spurte om kva ho trudde eg heitte (ettersom eg var ein av dei som ho ikkje prøvde å plassere i timen), såg ho på meg i 2 sekund. Så leita ho ned på klasselista, og stoppa på S. "Signhild! DET så jeg da med en gang!".

Og dagens sitat kjem frå same dama, som då ho skulle skildre livet etter reformene i skulen. Sitatet gjeld midtterminsevalueringene, der lærarane skal diskutere med eleven ikkje berre om grunnlaget for ein karakter, men også vedkommandes måloppnåingsforståing. "Så sitter vi der. Jeg mener hun skal få 4, hun mener hun skal få 5. Og så forhandler vi og forhandler vi. Og til slutt blir det opp til juristene".
----
What did you learn in School today. Eddie Scholler.

torsdag, juni 10, 2010

Interkulturell kommunikasjon

Som eit apropos til seinare tiders debatt kring obligatorisk 2. framandspråk, eller som eit apropos til ingen verdens ting:

ENJOY!






---
For Bitter or Worse. Anouk. For Bitter or Worse 2009

onsdag, juni 09, 2010

Stakkar nabo

Eg har ein særdeles ufrivillig sjukedag i dag. Stod opp litt før 8, og prøvde konstant fram til litt over 11 å komme meg på jobb. Eg var heilt klar i toppen, men eg hadde ein mage som tilsa at dagens hovudaktivitet ikkje var foreneleg med å jobbe. Eg håpte i det lengste å i alle fall vere på jobb til lunsj, men gav til slutt opp.

Problemet er berre at sjølv om ein starter med å vere klar i toppen, ender ein med å vere friskere i resten av kroppen enn i toppen. Ikkje minst mangelen på næring gjer sitt (ikkje at eg ikkje får i meg næring, men det virker ikkje som om kroppen gjer noko anna med næringa enn å gje slepp på ho, gitt).

Men uansett: Stakkar naboen min. Eg er nemlig ganske avhengig av å høyre på musikk. Typ høyrer på musikk nesten heile tida eg er våken. Normalt pleier eg ikkje å plage omgjevnadene mine nevneverdig, i alle fall ikkje volummessig. Men i dag er det slik at fordi eg aldri heilt veit kva rom eg er i om 2 minutt, speles det høgt.

Om naboen min ikkje hadde noko forhold til færøysk musikk, har han det nå. Er han ikkje glad i folkrocktronika, bør han ha blitt det i dag. Så langt har han ikkje klaga, i alle fall (skjønt, eg garanterer ikkje at eg hadde høyrt ringeklokka). Vonleg følger han Valravns oppmoding: STATT UPP OG DANSA!

(Og ja, Kristine, eg lover å komme tilbake til oppfordringa di. Berre ikkje nett nå)

---
Kelling. Valravn. Koder på snor. 2009

mandag, juni 07, 2010

Problem, sa du?

Eg har for ei gongs skuld sett TV i kveld. Ikkje berre TV, men sånn med reklame heile tida. Og der har eg bite meg merke i følgande formulering:

"Visste du at alle kvinner har celulitter i større eller mindre grad? Men nå kan du få hjelp til å bli kvitt problemet!"


Og då lurer eg veldig på korleis dette skal tolkast. For dersom det altså er sånn at dette er heilt natuleg, kvifor skal vi då bruke masse penger på å fjerne dei?!


---
Barbie Girl. Aqua. Aquarium 1997.

søndag, juni 06, 2010

Litauen, finanskrise og ESCs mest poltiske nummer

Vilnius førre veke:
«Seriøst?! Er de sikre på at de vil legge igjen hele 10 litas?! Det er jo ekstremt mykje!», sa mi lituiske venninne. I norske kroner snakker vi i underkant av 23 kroner. Som for såvidt var nesten en tredjedel av det vi hadde betalt for to pizzaer, så spørsmålet var på sin plass. Men å følge hennar døme og legge igjen 1 LTL – som per akkurat i dag er 2.28 kroner – det var litt i overkant lite tips. Med våre norske auger.

Tidlegare den dagen hadde min gode venn organisatoren reagerte på at vi hadde brukt 60 LTL på taxien fra flyplassen til Vilnius sentrum. 60 = 136.81. Eg betalte meir for å komme meg frå Bislett til nasjonalteateret same morgon.

Litauiske daglegvarehandeler er ikkje spesielt mykje billegare enn dei norske. Med unntak for sukkervarer og alkohol, er prisforskjellen ikkje stor nok til at ein verkeleg reflekterer over skilnaden.

Oslo denne veka:
I går fortalte ein litauisk venn av meg at minimumslønna i heimlandet hans er på 290 euro i månaden. Eg måtte spørre opp igjen 4 gonger for å sjekke at eg ikkje hadde bomma og gløymt ein null – eller at det i det minste skulle vere eit 8 der eg høyrte 2. Men nei. Minstelønna er på kring 2300 i månaden. Og ikkje bare er det minstelønna – det er det nivået det ligg på for svært mange, og kanskje særleg i daglegvarebransjen. Gjennomsnittslønna i landet er på 400 Euro, som i dag tilsvarer 3153 kroner.

Seinare same kveld drakk vi øl til middagen. Øla på det norske hotellet kosta 59 kroner (og var på ingen måte verd den prisen). Brått seier han at han, som etter forholda tener mykje, måtte ut med nesten ei dagslønn for øla. Skamfull unnlot eg å seie at denne kosta mindre enn halve mi timelønn.

Vi nordmenn bruker kring 11% av dei totale inntektene våre på mat. Litauarane brukar over 40. Andelen ein bruker på bustad er nokon lunde lik i båe land.

Der vi knapt har merka finanskrisa, har Litauen måtte skore sine offentlege budsjetter med over 30% - som ein tek inn gjennom kutt i lønninger, kutt i offentlege tenester og kutt i tilskotsordninger. Samstundes vedtek det litauiske parlamentet etter alle solemerker ei midlertidig lov som gjer arbeidsgjevarane rett til å sparke folk på dagen - utan grunngjeving. Tomas Tomilinas, rådgjevar for det litauiske bondepartiet, uttalte til Klassekampen for ei tid tilbake at "problemet med slike midlertidige lover er at de gjerne har en tendens til å bli permanente". Det har han vel dessverre rett i.

Spanjolene har ei arbeidsløyse på over 20%, og ungdomsarbeidsløysa nærmer seg det dobbelte. Litauens arbeidsløyse nærmer seg dei tala, men har ikkje kome på det spanske nivået ennå. Men dei har ei tilleggsutfordring: emigrasjon. I løpet av 14 år har folketalet gått ned med over 300.000 mennesker - i all hovudsak fordi folk flytter utenlands for å arbeide. I Noreg og andre land der dei får meir enn dobla månadslønna. Og klarare kan det vel ikkje seiast, enn i vers 2 av det som var MGPs mest politiske nummer:

(Her også med tekst, så ein faktisk kan få med seg kva det er dei syng..)




---
Eastern European Funk. In Culto. 2010

fredag, juni 04, 2010

Delikatesse eller udyr? Jotakk, begge deler


Foto: janovebrenden.no


Eg tilhøyrer den priviligerte gruppa menneske med skalldyrallergi. Allergien har blitt gradvis verre dei seinare åra, og eg har i dag innsett at eg er ekstremt allergisk. Mot noko av det beste eg kan tenke meg. Joda, skal det vere, skal det vere.


Vi hadde sommerfest på jobb i går. Med reker, ost, kvitvin og gode folk. Allereie då døra til matsalen blei opna, kjende eg at det snøra seg så saman i systemet mitt at eg igrunnen gjekk rett ut og kasta i meg ein tablett. Då skjer det morsomme: kroppen min iverkset to svært paradoksale handlingsmønstre. Hjartet banker i 190, og adrenalinet pumper som gal - samstundes som eg blir trøttere og trøttere og kroppen er i ferd med å koble ut alle organ som ikkje er nødvendige. Inklusive den delen av hjernen som styrer tanker og snakkeverktøy. Resultat: eg snøvler meir enn etter ein liter vodka, og kan ikkje hugse kva første delen av setninga var i det eg begynner på siste del. Det blei tidlig heim, ei urolig natt og ein dag i dag der eg helst skulle ha krype under dyna og venta til alt ville gå over. Men det kan eg ikkje. Så eg held meg våken, mens kroppen veksler mellom å late som om den har feber og magevondt og eg har ein "generelt nedsatt allmenntilstand". Og eg har ikkje eingong fått i meg skalldyr - mind you! Rett nok har eg reagert på skalldyr også tidligere, men dette tok jo heilt av. Jaja.


Dei siste 3 timane har eg sitte og lata som eg har jobba. Les: eg har skrive ut 6 ark. Og laga eit ark til som eg har skrive ut i 4 eks. Og så har eg sove litt føre maskinen til min kjære venn Brusselfareren. Takk for lånet, Josh!


Men nå har eg forhåpentligvis snart mobilisert såpass til krefter at eg kan gripe helga. Studiesirkler wtf!

Alt eller ingenting

For tida fortoner livet mitt seg slik: eg dundrer avgårde i 160/kmt for å bli ferdig med alt eg skal bli ferdig med - og så fort eg er ferdig, er planen ingenting. Då meiner eg virkelig ingenting. For nokre dagar kjem livet mitt til å fortone seg som år 201 f. Kr - året det åpenbart ikkje er noko å rapportere om.

Deretter skal eg heim på sommerferie. For å gjere det kanskje aller kjekkaste eg veit: vere historieforteller. Og få betalt for det. Då hender det eg blir så engasjert at eg nærmer meg den listelendingen Mathias Skeibrok skriv om i Sandferdige Skrøner, han som lyg på seg så gode historier at han trur på det sjølv. (Eg trur ikkje eg har gjort det, altså, men at eg har forfina historier, er eg ikkje eit sekund i tvil om!) Den boka har eg forøvrig plan om å ha som sommarlektyre.


---
"Motor Lullabies". Noa. Now 2002

torsdag, juni 03, 2010

Eit eventyr eller tre

I morgon starter eit møte eg har gled-grua meg til ei tid: det aller siste møtet i eit fantastisk prosjekt kalla Locademia. Locademia står for Local academia, og har som mål å spreie studiesirkelmetoden i verda - i første omgang til Polen og Litauen. (Og til nye grupper i Noreg og Sverige) Eg gler meg til å få endelege oppdateringar i morgon på korleis prosjektet har vore. Prosjektet har også fått på plass si eiga heimeside, og den mellombelse versjonen kan du sjå her. (Etterkvart blir ho å finne på locademia.net og).

Den litauiske partnaren, Socinvest, står for tida høgt på lista over institusjonar som driv med kule ting. Kule, ikkje fordi dei primært er hippe, men fordi dei betyr noko. Dei er, om eg har forstått det riktig, ei slags mellomting mellom interesseorganisasjon og pr-byrå, og har bidratt til organisering av arbeidarar, filmfestival, homoteater, nullvisjon og mykje meir. Du skal jammen få sjekke ut sjølv, her. Eg drøymer på ingen måte om at det skal etablerast noko tilsvarande her til lands (det ser eg ikkje at vi har noko behov for), men slik eg kjenner det litauiske samfunnet, framstår det som om desse har klart å ikkje berre sjå eit behov som finst i nasjonen - men også å finne ein måte å lage løysinger til beste for fellesskapet.

Og apropos det beste for fellesskapet, så har dei også laga denne søøøøte videoen. Deira 3 kilo med kitt har virkeleg smelta meg, kjenner eg..







---
"We". Noa. Now 2002